Loke Patera er ein vulkan på jupitermånen Io. Han er den mest kraftige vulkanen på månen og har vore aktiv sidan minst 1979 då han vart oppdaga av ein Voyager-sonde. Truleg er det ein lavasjø i vulkanen.
Loke Patera er namnsett etter Loke frå norrøn mytologi.[1]